INFO

Informasjon om

STORDALSCUP

Inngang

 

Parkering skjer på omliggande område til Stordalscup. Det er gratis parkering. Inngangsbillett 30,- kr for vaksne. Barn under 16 år, spelarar, trenar og lagleiar gratis. Registrerar du deg etter betaling er du med i trekninga på inngangslotteriet.

Cuplotteri

 

Både før og under cupen er det råd å kjøpe lodd i det populære cuplotteriet. Her kan du vere med å vinne alt i frå hotellweekend, lenestolar til dagligvarer. Meir informasjon om lotteriet kjem.

Messe

 

I og ved Stordalshallen finn du utstillarar og salgsboder der du kan gjere ein god handel. Meir informasjon om utstillarar kjem

Aktivitetar

 

Kvart år er det fleire aktivitetar som dei unge kan vere med på. Vi har før hatt tivoli, men dette har vi gått bort i frå og satsar meir på leikar og aktivitetar. Dette har vi fått gode tilbakemeldingar på. Meir info kjem.

Grill og kiosk

 

Kvar dag under cupen er kokkane i grillen i aksjon. Her får du kjøpt grilla laks, kotelettar, pølser med meir. Inne i Stordalshallen har vi kafê med flotte kaker. Frukt og grønt kan kjøpast i eige telt ved grillteltet.

Underhaldning

 

I Stordalshallen vil det kome fleire kulturelle innslag under desse dagane.

Cupdans

 

Den årlige cupdansen er eit populært innslag og har samla dei vaksne på dansegolvet år etter år. Før var dette ein utedans på stadionområdet, men har dei siste åra vore lagt til meir egna lokale på Nilsgardstunet.

Presse og sosiale media

 

Stordalscup har eiga facebookside som du finn her. Der vil du finne informasjon om ting som skjer før og under cupen. Stordalscup er også på instagram.

Postboks 76, 6250 STORDAL

Stordalscup.no